Gjennom ei historie som strekker seg tilbake til 1945, har me sikra oss ei solid merittliste innan moderne og avansert skipsbygging. Denne erfaringa dannar grunnlaget for produkta og tenestene me tilbyr i dag, og ved å kombinera ekspertisen vår med kompakte verftsfasilitetar og ein straumlinjeforma organisasjon sikrar me effektiv og konkurransedyktig prosjektgjennomføring.
Historie
På Stykkje, på garden Sætre, byrja Thorvald Hellesøy å bygge båtar i 1945. Sidan har familien Hellesøy fortsett med nettopp det. Etter krigen mangla det meste. Men, ikkje trematerialar! Skogane i Kvinnherad og Hardanger var eit ypperleg varelager! Dei første åra var prega av nokre nybygg og ein god del reparasjonar av den krigstrøytte fiskeflåta.

Bygg 1: Eva
Båttype: Fiskebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Oscar Kammetun, Askvoll
Lengde: 26 fot
Skrogtype: Tre, frå Herand i Jondal
1960 markerte eit vendepunkt for båtbyggeriet. På fem år etter 1960 leverte Hellesøy sju skøyter, frå 56 til 90 fot. Seks av skøytene gjekk til Sverige og ei til Irland. Hellesøy hadde ca. 20 mann i arbeid i perioden.

Bygg 61: Ny Trofast
Båttype: Fiskebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Emil Wellman, Reipå
Lengde: 54 fot
Skrogtype: Tre, frå Herand i Jondal

Bygg 88: Green Eagle
Båttype: Trålar
Reiarlag/sluttbrukar: Patrick O’Driscoll, Irland
Lengde: 74 fot
Skrogtype: Tre, bygd på Løfallstrand

Bygg 89: Odd Gjendem
Båttype: Linebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Einar & Jostein Gjendem, Vigra
Lengde: 95 fot
Skrogtype: Stål, bygd på Løfallstrand
Etter at trebåt-marknaden dovna vekk tok Hellesøy steget over til å bygge stålskrog. Bygg nr 89, «Odd Gjendem» Etter at trebåtmarknaden dovna vekk, tok Hellesøy steget over til å bygge stålskrog. Bygg nr 89, «Odd Gjendem» blei den første av i alt seks linebåtar i stål, frå 80 til 110 fot. Desse blei bygde i hallen på Løfallstrand. Etter kvart vart hallen for liten, ut frå det faktum at marknaden stadig ønska større fartøy. Dermed blei bygg nr 94, «Arne Tiselius», siste stålskroget bygd i lokala på Løfallstrand. Den blei levert som forskingsbåt til Kungliga Svenska Vetenskapsakademien i Sverige.

Bygg 104: Lysholmen
Båttype: Lastebåt
Reiarlag/sluttbrukar: Lys-Line, Oslo
Lengde: 78,5 meter
Skrogtype: Stål. Bygd i hallen på Årsnes

Bygg 105: Polar King
Båttype: Seismikkskip
Reiarlag/sluttbrukar: Rieber Shipping, Bergen
Lengde: 69 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Salthammar på Vestnes

Bygg 106: Hardangerfjord
Båttype: Godsrutebåt
Reiarlag/sluttbrukar: HSD, Bergen
Lengde: 52 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Hellesøy på Årsnes

Bygg 107: Jagima
Båttype: Standby Safety Vessel
Reiarlag/sluttbrukar: Jahre, Sandefjord
Lengde: 40 meter
Skrogtype: Stål, bygd av Salthammar på Vestnes

Bygg 121: Ann Mari
Båttype: Containerskip
Reiarlag/sluttbrukar: A.B. Lillgaard, Ålesund
Lengde: 114,3 meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjord Skipsindustri

Bygg 122: Seisquest
Båttype: Seismikkskip
Reiarlag/sluttbrukar: E. Forland, Bergen
Lengde: 83,2 meter
Skrogtype: Stål, frå Waterhuizen Holland

Bygg 127: Veronica
Båttype: Frysetråler
Reiarlag/sluttbrukar: Kevin McHugh, Irland
Lengde: 91,3 meter
Skrogtype: Stål, frå Sterkoder i Kristiansund

Bygg 134: Olympic Poseidon
Båttype: AH-Tug Supply Vessel
Reiarlag/sluttbrukar: Olympic Shipping, Fosnavåg
Lengde: 79,8 meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjordeid Skipsindustri

Bygg 135: Northern Admiral
Båttype: Multifunc. Tug Supply
Reiarlag/sluttbrukar: Trico Supply, Fosnavåg
Lengde: 83,3 m meter
Skrogtype: Stål, frå Nordfjordeid Skipsindustri

Bygg 151: Ligrunn
Båttype: Ringnotbåt/trålar
Reiarlag/sluttbrukar: Liegruppen fiskeri, Straume
Lengde: 64 m meter
Skrogtype: Stål, frå Litauen

Bygg 152: Siem Symphony
Båttype: PSV DF (LNG)
Reiarlag/sluttbrukar: Siem Offshore, Kristiansand
Lengde: 89,2 m meter
Skrogtype: Stål, frå Polen

Bygg 153: Taresund
Båttype: Taretrålar
Reiarlag/sluttbrukar: FMC BioPolymer , Vormedal
Lengde: 17,1 m meter
Skrogtype: Stål, frå Tyrkia
Hellesøy sin leveranse nr. 155 er en ny og viktig milepåle. Her presenterer Hellesøy sitt eige design, og attpåtil med heilelektrisk framdriftsmaskineri. Hellesøy demonstrerer på nytt omstillingsevne og vilje til å skreddarsy produkt i tråd med kundens behov.

Bygg 155: Hovedøya II
Båttype: Elektrisk driftsbåt
Reiarlag/sluttbrukar: Bymiljøetaten, Oslo kommune
Lengde: 20 meter
Skrogtype: Stål, frå Haugesund