Tenester

Gjennom ei historie som strekker seg tilbake til 1945, har me bygd eit sterkt renommé for kvalitetsarbeid og sikra oss ei solid merittliste innan moderne og avansert skipsbygging.
Hellesøy Verft har lang erfaring og sterk kompetanse frå ei lang rekke nybyggingsprosjekt. Vi kan i tillegg tilby eit kompakt og godt tilrettelagt verftsområde, der korte avstandar gir optimalisert logistikk. Verftet er gjennom mange år bygd opp og utvikla til å kunna handsame alt av leveransar til eit nybygg. Vi har underleverandørar av kvalitetsskrog og kan rusta ut skip i storleiken 20-110 meter langs eigen kai. Verftet har plass til ein samla arbeidsstyrke på inntil 250 personar, med eigne lokale for reiarlaget under bygge- og igangsettingsfasen.
Hellesøy har gjennom åra utført mange ulike service- og vedlikehaldsoppdrag, og har i dag den rette kompetansen og utstyret for hjelpa moderne fartøy med alt av vedlikehald, tekniske oppgraderingar og ombyggingar. Verftet ligg godt plassert i utkanten av Hardangerfjorden, med kort og enkel tilkomst til Sunnhordlandsbassenget og Nordsjøen.
Vi har produksjonshallar og kompetanse til å utføra alt av stålarbeid, både for marine og landbaserte næringar. Ved slike oppdrag, kan sveising og platearbeid gjennomførst både på verftet og hos våre underleverandørar
Vi har personell til utleige for eksterne prosjekt. Vårt godt kvalifiserte arbeidslag innan stålarbeid og montasje kan på kort varsel stilla med kunnskap og arbeidskraft på dei fleste fagfelt innan industrien.